onsdag 23. juni 2010

Sprita opp kongressen

Poul Nyrup Rasmussen, Tidlegare statsminister i Danmark, sprita opp kongressen med følgjande kommentar:
- life is too short to listen to boring speeches.

Om han tenkte på den lange talarlistaunder ITUC-kongressen skal vere usagt. Men at det etter kvart blir ein del repetisjonar av saker og argument høyrer liksom med.

Rasmussen utfordra både fagrørsla og politikken til å modernisere seg sjølv. - Det nyttar ikkje å anklage ungdom for ikkje å vere interessert i oss og våre saker. Vi må interessere oss for ungdom og for ungdom sin situasjon, sa den tidlegare statsministeren.

Kanskje pratar vi for mykje og handlar for lite, heldt han fram. Vi må sjå på eigen praksis, og viste mellom anna til at strategien for grøn økonomi og grøne arbeidsplassar også kan vere ein "ungdomsstrategi".

Og deretter gjekk han over til å argumentere for skatt på finanstransaksjonar..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar